Kari Harneshaug – 5 om bøker og musikk
Av: Victor Josefsen / Foto: Pressebilde
1) Hva er det siste du leste?
«M Train» av Patti Smith. Det er ei memoarbok og handlar om inspirasjon og dei litterære forbilda hennar. Ja, den handlar vel eigentleg om det å skrive. Og det er skildra på ein nær og nydeleg måte. Eg har eit sterkt forhold til Patti Smith og er veldig fasinert av ho både som artist, poet og menneske. Eg har faktisk eit prosjekt som heiter Patti Smith på nynorsk, der eg tolkar songane hennar på norsk. Det er eit samarbeid med forfattarane Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn, som har omsett tekstane. Med «M Train» opplever eg å bli meir kjend med Patti, kanskje meir enn med «Just Kids». Til dømes drikk ho veldig mykje kaffi, elskar krimseriar og er sjølvsagt genuint interessert i arbeidet sitt. Men sistnevnte visste eg jo frå før.
2) Hvilken bok ville du laget soundtrack til, og hvorfor? hvordan skulle det vært?
Eg trur det måtte blitt «Wuthering Heights». Eg syns igrunn det var ei ganske vond og vanskeleg lesaroppleving, men trur den innfløkte kjærleikshistoria der er noko eg kunne ha laga musikk til. Og det hadde nok ikkje likna på Kate Bush sin låt. Trur nok det hadde blitt noko intenst, lavmælt og dronete.
3) Hva er din favorittbok?
Dette var eit kjempevanskeleg spørsmål. Eg har antageleg ikkje noko favorittbok. Men eg kan jo plukke ut nokre høgdepunkt frå 2015-lista mi. For eg brukar nemleg å skrive opp alle bøkene eg les. Kanskje det er ein rar ting å gjere? Eg går for «Mennesket og maktene» av Olav Duun, «Pusteproblem» av Marita Liabø og «Sju dagar i august» av Brit Bildøen.
4) Hva er ditt favorittalbum?
Dette er kjempeenkelt å svare på. «Push the Sky Away» av Nick Cave. Det er ikkje mange plater eg elskar absolutt alt ved, men denne treff meg rett i hjartet heile vegen gjennom.
5) Hvis du skulle startet et band med en forfatter, hvilken ville det vært?
Det må bli Ragnar Hovland. Eg trur det hadde blitt veldig artig og interessant!
Oppvarming er ved High Tone Low, prosjektet til Christoffer Gaarder (Hilma Nikolaisen live, Shevils, Forever Light). I fjor slapp Hilma Nikolaisen – en av årets beste julelåter. Shevils kapret 6.plassen med plata «The White Sea» på «Årets beste norske album 2015-lista» til undertegnede og 3.plassen på tilsvarende «Årets beste norske låter 2015«-liste. Vi har forresten skriblet mye om Shevils i Deichmans musikkblogg.
Facebook event: https://www.facebook.com/events/1075884605809383/
Sjekk også:
Plateanmeldelse: Kari Harneshaug «We Were Closer to the End»
Plateanmeldelse: Kari Harneshaug – Early Morning Memories
Jon Arild Eriksen – 5 om bøker og musikk
Bård Torgersen – 5 om bøker og musikk / Universet musikkvideo
Løchstøer – 5 om bøker og musikk
Parker Lewis – 5 om bøker og musikk
Bård Torgersen – 5 om bøker og musikk / Universet musikkvideo
The Loch Ness Mouse – 5 om bøker og musikk
Patti Smith og Robert Mapplethorpe – drømmen om å leve av egen kunst
Kate Bush – en bemerkelsesverdig dame
Music by Nick Cave. Kafka! Nick Cave! Iceland! BAM!
Du kan låne bøker hos oss.
Du kan låne musikk hos oss.
2 thoughts on “Kari Harneshaug – 5 om bøker og musikk”