Min platesamling: Tor Tessem
Tor Tessem er en Sunnfjording med stort musikkhjerte. Han startet på Akers Mic tidlig på nittitallet, og ble medier daglig leder på Apollon Platebar sidan 1997. Har skrevet om musikk, arrangert konserter, styreleder i Vill Vill Vest og medeier i Apollon Records.
Av: Lars Junge / Foto: Privat
1. Hva er den pinligste platen i samlingen din – som du har kjøpt selv, og ikke fått i gave?
– Eg har ikkje nokon guilty pleasure eller pinlegheiter. Alle platene har eg kjøpt fordi eg likte dei den gongen dei blei kjøpt. Når det er sagt, blei eg ein smule pinleg berørt då eg spelte ei plate eg hadde fått i gåve og min kjære kom inn på platerommet og utbraut: Sitter du her og spelar Chris De Burgh? Eg måtte audmjukt innrømme at jada, det stemmer.
2. Hva var ditt første kognitive platekjøp?
– Den første plata eg kjøpte var «12 Golden Hits» med Suzi Quatro. Året var 1975, eg var 9 år og hadde sett Suzi i full skinnoutfit på tv. Det gjorde eit uutsletteleg inntrykk og i fleire år hadde eg plakat i full størrelse på guteromsdøra og ho var det første eg såg kvar morgon. Det var nok meir et emosjonelt enn kognitivt kjøp.
3. Hvilken plate var den første som du fikk et seriøst forhold til, som åpnet opp din musikkinteresse for alvor, og som gjorde at du ble så interessert i musikk at det ble en levevei, en livsstil?
– Pønken generelt og Sex Pistols – Never Mind The Bollocks spesielt. Eg fekk den til jul i 1977 av ein oppegåande onkel og det er vanskeleg i dag å forstå kor revolusjonerande plata var. Eg var ikkje meir en elleve år gammal, men flammen var tent og alle pengane som kom flytande min veg, blei brukt til å kjøpe plater på Musikkmagasinet i Førde eller på postordre frå England.
4. Hvilken plate vil du si er din nøkkelplate – din hjørnestein – samlingen din? Umulig spørsmål, men prøv å svare likevel.
– Eit spørsmål som eg vil svare forskjelleg på frå dag til dag. Eg har allereie skifta meining fleire gonger mens eg skriv dette, men idet eg sender teksten, dett eg ned på «London Calling» med The Clash. Eg fekk til mi store forbausing plata i gåve av mor mi då ho hadde vore ute og reist. Eg hadde sjølvsagt hinta om at den var ønska, men hadde aldri trudd at ho faktisk ville gå i ei platesjappe og kjøpe plata. Lykka var jo då desto større og plata gjekk sammenhengande på spelaren i månadsvis. Eg har spelt plata eit utall gonger opp gjennom åra, og ho tåler fortsatt å bli spelt oppatt og oppatt.
5. Har du noen komplette discografier? Altså alle (offisielle) utgivelsene til en enkelt artist?
– Eg er ei samlersjel og eg har heile katalogen til mange artister. Dette er ei knippe av dei eg kjem på i farten. The Clash, Iron Maiden, Neil Young, Bonnie Prince Billy, 16 Horsepower, Nick Cave, Judas Priest, Led Zeppelin, Beatles, Thin Lizzy, Cat Power, Heather Nova, Kristin Hersh/Throwing Muses, Lynyrd Skynyrd, Allman Brothers, Rival Sons, Arcade Fire, Okkervil River, Mark Kozelek/Red House Painters, Neko Case og veldig mange fleire.
6. Hvordan er platesamlingen din oppstilt?Alfabetisk/sjanger/kaos. Har du alt i stua, eller er noe forvist til dødens forkammer AKA loftet/kjelleren?
– Har heldigvis eige platerom/mancave og platene er alfabetisk ordna. Riktignok i to system, metal og generelt.
7. Russerne kommer, og du må rive med deg tre plater i farten. Hvilke? Eller, hvilke tre plater har du liggende klar i armageddon-bagen din?
– Eg har jo allereie nevnt «London Calling». Den må sjølvsagt med. I 1980 hadde pønken evolvert inn i New Wave. Dette var ikkje heftig nok, men det kom ei ny bølge frå England. The New wave of british heavy metal. Eg tok steget over i metallen, og Iron Maiden blei dei store heltane. «The Number of the Beast» blei lydsporet til det tidlege åttitalet og må være med i krisebagen. Neil Young var ingen stor helt, eg kalte musikken hans forakteleg for hestejazz, før eg hørte «Cinnamon Girl» for første gong og blei blåst overendes. Albumet denne kom frå, Everybody Knows This Is Nowhere, er den tredje plata som må oppi bagen.
8. Hvilket lydformat er ditt foretrukne i dag? Strømming, vinyl, CD?
– Vinyl i heimen, cd i bilen og streaming til og frå jobb.
9. Er det en plate du blir spesielt melankolsk av, som minner deg om en spesifikk periode i livet ditt?
– «The Good Son» med Nick Cave» var lydsporet den gong eg møtte kvinna som i dag er kona mi, så den har en heilt spesiell plass i livet mitt.
10. Hvilke låter hater du? (Prøv å begrense til topp tre, dersom mulig)
– Det er nok av låter eg ikkje liker eller misliker, men hate låter gjer eg ikkje. Eg kan uansett leve livet godt uten å måtte høyre «Gangnam Style», «What Does The Fox Say» eller «Macarena» igjen.
11. Hvilke plater er du ferdig med, og kan aldri sette på igjen? (Ihjelspilt)
– Nokre plater følger deg heile livet, mens andre spelar ei rolle ein kortare periode. Døme på dette er Pink Floyd sin «The Wall», Metallica sin «Metallica» og Fatboy Slim sin «You’ve Come Along Way Baby». I dag er det høgst usannsynleg at eg kjem til å spele dei igjen. Dei er enten overspelte eller rett og slett utdaterte, og har ikkje tålt tidas tann.
12. Om du måtte velge et (musikalsk) tiår, hvilket?
– Heilt klart 70-tallet sjølv om 90-tallet hadde nokre fantastiske plateår.
13. Hvem er verdens mest oppskrytte/ og undervurderte band – og hvorfor?
– Eg har aldri forstått meg på U2, men det mest overvurderte bandet for meg, er The Smiths. Eg har prøvd mange gonger, men den traurige sutrepopen vil seg berre ikkje for meg. Når det gjeld den mest undervurderte artisten, slår eg eit slag for Townes Van Zandt. Han er ikkje undervurdert hos fansen, men at ikkje fleire har fått augene opp for denne mannen er og blir ei gåte for meg.
14. Er det noen band du har hatt anledning til å se live, men droppet, for så å angre etter at de ble oppløst? Altså hvilke konserter har du gått glipp av som du hadde anledning til å se?
– Det gjer fortsatt ilt i sjela å tenke på at eg hadde billett til avskjedskonserten til Imperiet på Sardines. Vi var ein gjeng som samla oss til eit vorspiel som varte og rakk, og når vi først kom oss ut var konserten slutt. Skandale.
15. Setter du på en viss type musikk for å komme i humør, eller setter du på musikk etter det humøret du er i?
– Umulig spørsmål. Begge deler til forskjellige tider.
16. Er det en anerkjent plate, et “mesterverk”, som ikke imponerer deg, eller som du aldri helt har sett det geniale ved?
– Radiohead – «Ok Computer». Drepande keisamt med verdas verste sytevokal, men fortsatt ranka som eit mesterverk.
17. Er det en plate du har hatt på blokka i mange år, men som du ikke har fått tak i ennå?
– «The Soundhouse Tapes» med Iron Maiden. Den hadde eg ein gong i eige, riktignok i piratversjon på tolvtommar, men ein langfingra gjest rappa den på ein fest. Den originale sjutommaren står på blokka, men med den prisen plata står i, blir ho nok ståande ei stund til.
18. Hva er den mest verdifulle platen du eier/hva er det meste du har betalt for en plate?
– Det anar eg ikkje og eg har heller aldri vore spesielt opptatt av verdien. Men eg vil tru at ein del av dei tidlige pønketinga står høgt i kurs. Eg har aldri brukt penger på å kjøpe ekstremt dyre ting, men eg brukte nokre kroner på å få tak i dei to første EP’ane til Baroness for eit par år sidan.
19. Hva setter du på søndag formiddag?
– Søndag morgon er tida for tilbakelent jazz i form av Miles Davis, John Coltrane eller Thelonious Monk.
20. Hvilken plate kjøpte du sist, og hvilken er den neste du har på blokka?
– Dei nye til Neurosis, Brant Bjork, Nick Cave, Okkervil River og Stein Torleif Bjella er dei siste kjøpa. No skjer det lite fram mot jul, men eg er veldig spent på den nye Pretenders-plata som er produsert av Dan Auerbach frå Black Keys.
Bonusspørsmål: hvor ofte oppgraderer du HIFI-komponenter eller hodetelefoner?
– Eg er ingen hifi-tulling og fleire av komponentane i anlegget er 20 år gamle, men eg fekk ny platespelar for eit par år sidan og eg har skaffa meg øretelefoner med aktiv støydemping.
21. Leser du musikkblader/magasin? Hvilke? Leser du dem slavisk, eller etter feature? Hvilke musikknettsider er inne i den faste rutinen din?
– Det blir mykje mindre enn tidligare, men eg skumleser Mojo, Uncut og Classic Rock og sveiper innom Pitchfork og Allmusic for å sjekke anmeldelser.
Her kan du søke etter og låne utgivelser i Deichmans katalog.
Les også:
Min platesamling: Kristopher Schau
Min platesamling: Sverre Knudsen
Min platesamling: Julie Forchhammer
Min platesamling: Pedro Carmona-Alvarez
Min platesamling: Tord Krogtoft
Min platesamling: Jacob Krogvold
Min platesamling: Kari Slaatsveen
Min platesamling: Frode Grytten
Min platesamling: Bård Torgersen
Min platesamling: Asbjørn Slettemark
Min platesamling: Tore Renberg
Sjekk også:
Frode Grytten og The Clash
«London Calling med The Clash» er Frode Gryttens nøkkelplate
Coverkunst: The Clash – London Calling
5 skiver bedre enn sitt rykte – The Clash: «Combat rock» (1982)
Det var ikke så verst i 1982 heller: Combat Rock – The Clash
Se deg om i vrede – det er 40 år siden punken stakk hull på byllen
Nick Cave – One More Time With Feeling
Jeg anbefaler jeg alle å høre på Nick Cave
Mavis Staples samarbeider med Nick Cave
Music by Nick Cave. Kafka! Nick Cave! Iceland! BAM!
Nick Cave and the Bad Seeds – Deanna fra Tender Prey (1988)
Himmelen over Berlin
The Smiths‘ The Queen Is Dead
Art imitating art – The Smiths – Strangeways, Here We Come (1987)
Litteratur i musikken – The Smiths – How Soon Is Now?
Morrissey & The Smiths
Led Zeppelin & Led Zeppelin II & Led Zeppelin III
Led Zeppelin Physical Graffiti
Robert Plant til Notodden Blues Festival
Et radioheadsk univers: «A Moon Shaped Pool» – en slags anmeldelse
Radiohead låt og video: «Burn the Witch»
De har fanget oppmerksomheten til Radiohead-medlem
Anmeldelse: Okkervil River – «Away»
Black Sheep Boy
Øya 2013: Cat Power
Øya 2013: Cat Power – Bilder
Bonnie ‘Prince’ Billy
Bonnie ‘Prince’ Billie – Summer In the Southeast
«Ut» på fredagsfeiring sammen med Arcade Fire
Ane Brun covrer Arcade Fire
Lynyrd Skynyrd-medlem døde i en bilulykke
Lynyrd Skynyrd: One More from the Road
Plateanmeldelse: Stein Torleif Bjella – «Gode Liv»
Singelanmeldelse: Stein Torleif Bjella – «Alt rundt er det samma»
The Allman Brothers Band At Fillmore East – et av historiens beste livealbum
Tons of Rock 2016 i bilder – Del 1 (inkludert Rival Sons)
The Carburetors velger Judas Priests «British Steel»
The Carburetors velger Thin Lizzys «Thunder and Lightning»
Se deg om i vrede – det er 40 år siden punken stakk hull på byllen
Henry Cow – en motpol til både punk og progrock
The Real Kids – Boston punk med gode melodier
En vegg av pels
Legendariske Wire på Oslo Psych Fest
The Business – Punk/Oi!
Pere Ubu
Swell Maps