Frøkedal & Familien: Om tilhørighet i folk og folkemusikk
– Eg gler meg meir til å høyre coverversjonene som forhåpentligvis kjem enn til å lese platemeldingar. Det er jo det som betyr noko, at folk får lyst til å gjere noko sjølv når dei høyrer musikken, sier Anne Lise Frøkedal, som sammen med Frøkedal & Familien er aktuell med albumet «Flora» på Fysisk Format.
Tekst: Jan-Olav Glette / Foto: Vidar Landa (inkl. front)
Frøkedal & Familien sitt album «Flora» er et av de virkelige høydepunktene i den norske platevåren og byr på inderlig bevegende musikk som drar veksler på både britisk folk og norsk folkemusikk, men som også har røtter i rocken og eterisk indie.
Eventyrlyst og frilynt stemning karakteriserer låtene, som spenner over et vidt musikalsk felt der det finnes plass til Judee Sill, John Cale, Incredible String Band og T. Rex side om side med mer moderne referanser som Big Thief og Cate Le Bon. Ensomhet, ekstase, isolasjon, natur og menneskelig avstand er noen av temaene som tas opp underveis. Det er en rendyrket, spirituell musikalsk reise om tilhørighet i en friflytende og vakker drakt der også pusterommene og pausene underveis utgjør en egen instrumental kraft.
Her får vi høre om hvordan Frank Hammersland inspirerte frontfigur Anne Lise Frøkedal til å starte band i tolvårsalderen, annen tidlig inspirasjon i form av The Cure, Sebadoh og Suede, ivrig lesning av musikkmagasinet Beat, vennskapet hun har utviklet med den anerkjente britiske musikeren Robyn Hitchcock, gleden ved å dele musikk og se egen musikk i andres hender og hvordan hun har latt seg inspirere av folkemusikernes naturlige og livsbejaende forhold til sang og spill.
Hvilken musikk var du omgitt og opptatt av i oppveksten?
Det var litt tilfeldig kva ein snappa opp som ung i Etne. Min første store musikalske kjærleik var hårmetall-band som Mötley Crüe, Warrant, Skid Row osv., deretter Red Hot Chili Peppers’ «Blood Sugar Sex Magic». På ungdomsskulen hadde eg ein svingom innom grungen før det stabiliserte seg meir med band som Motorpsycho og klassikarar som The Velvet Underground, Beach Boys og The Doors. Samtidig leste eg musikkmagasinet Beat fra perm til perm kvar månad. Platemeldingane og samle-CD-ane som fulgte med gav mykje viktig informasjon om nye plater. Husker framleis at det var ei åpenbaring å finne Sebadoh-låten «Too Pure» på ein av desse platene.
Når begynte du selv å spille og synge og hva fascinerte med denne måten å uttrykke seg på?
Mi første liveoppleving var Pogo Pops på Etnemarknaden då eg gjekk i 5. klasse – det var overveldande å sjå eit band på ein scene og kjenne bassen dunke i brystet. Eg starta band dagen etterpå.
Hvordan fant du din sangstil?
Då me spelte inn Flora, oppdaga me noko nytt: eg syng annleis når eg spelar gitar samtidig. Me endte opp med å beholde mykje av vokalen frå liveopptaket, der eg syng og eigentleg fokuserer mest på å spele gitar. Så det er vel den siste oppdaginga. Viss ein skal sjå lenger tilbake, så hadde eg lenge kun mannlege forbilder på vokal, og eg trudde nok at eg høyrdes ut som ei blanding av Robert Smith og Brett Anderson. På vidaregåande var det klassisk sangundervisning, og sidan eg ikkje likte å vere teatral, gjekk eg for kyrkjemusikk frå barokken, som er ganske teknisk – men også veldig vakker. Då oppdaga eg at eg i kunne synge mykje lysere enn eg hadde trudd. I seinare tid har eg hatt eit lite reflektert forhold til måten eg syng på – det er ganske rett fram. Og det med å spele gitar mens eg syng, trur eg gjer meg mindre sjølvbevisst. Vokalen skal fungere i ein heilskap.
Har du noen favorittgitar, forsterker, pedal eller mikrofon. I så fall hvilken og hvorfor?
Min favorittgitar er ein Telecaster som eg fekk kjøpe av Øystein Greni. Han har sett gitaren saman sjølv, halsen er frå 60-talet, kroppen frå tidleg 80-tal, og det ser ut som om han var litt utålmodig då han skar plass til pickupene i plekterbrettet. Det er eit fantastisk instrument som har vore ein bærebjelke i Frøkedal-soundet sidan me starta. Ein varm takk til Øystein for det.
Har du hatt noen musikalske forbilder eller mentorer opp gjennom? Hva har du i så fall lært og plukket med deg fra disse?
Det eg har lært av folkemusikarane i bandet (Olav Christer «Laffen» Rossebø og Ingeleiv Berstad) har vore veldig viktig: dei tar med seg musikken over alt der dei er. Det er ein del av kvardag og fest å spele og synge musikk, alt frå eigne låtar til tradisjonsmusikk. Det er ikkje forbeholdt øving og konsert.
Du har hatt mange ulike roller i ulike band, vært gjestemusiker (Tom Roger Aadland) eller produsent på andres plater (Bergen Mandolinband) og også vært turnerende musiker med andre artister som Tønes, Robyn Hitchcock med flere. Hva har all denne erfaringen gjort med deg som musiker og komponist når det kommer til dine egne ting?
Det er veldig inspirerande å jobbe med folk som lagar og ser musikk på ein litt annan måte. Det å vere til stades når fin, meiningsfull musikk tar form, er alltid ei medrivande kjensle, litt som forelsking – uavhenging av om det er min låt eller ei. Det gir meg masse energi og nye idear.
Du har stort sett sunget på engelsk om vi ser bort fra Motorpsycho–coverprosjektet Trio Søt, som du, Ragnhild Elisabeth Risanger og Helga Gunnes hadde, men på det nye albumet er tittelkuttet «Flora» på norsk. Hvorfor valgte du å inkludere denne låten på norsk? Og hva er ditt generelle forhold til uttrykkspråk i musikken din
Låten «Flora» var ei lita plageånd. Eg fekk ikkje til teksten, og eg klarte ikkje å la låten ligge. Engelsk virka brått litt iscenesatt og falskt. Det å prøve på norsk var ein måte å ta låten tilbake og gjere den nesten skremmande nær. Det kunne godt vore fleire låtar på norsk på plata, men det var kun denne som ville det slik.
Eg har blitt meir og meir kritisk til eigne tekstar med åra, og av og til kjennes det som om det berre er morsmålet ein kjenner godt nok til å uttrykke seg heilt «reint» og ufiltrert. Men eg forandrar meining om dette heile tida.
Hvorfor har så engelsk i stor grad vært ditt musikkspråk?
All musikken eg høyrde på frå barneskulen og oppover var engelskspråkleg, så det heng utvilsamt saman med det. Engelsk har noko universelt og spontant ved seg – for meg. I tillegg oppleves det mjukare, meir legato enn min eigen dialekt, og er kanskje derfor enklare å flette saman med ein melodi.
Du er også debutant i novellesamlingen «Og alle ting vert nye» (Samlaget, 2021). Hva ser du på som den viktigste forskjellen mellom det å skrive rockelyrikk og å skrive noveller og hvilken vekselvirkning kan du se mellom de to?
Eg tenker det er to heilt ulike uttrykksformer og at det ikkje er slik at «kan ein det eine, så kan ein det andre». Eg har stor respekt for folk som har lært seg handverket og kan skrive god litteratur. Det eg trur me kanskje har til felles er at me prøver å fange ei stemning, ein augeblink, ei kjensle. Men poptekstane har mindre plass, ein må seie mykje med få ord, og det er andre faktorar som klang og rytme som speler ei større rolle.
Dere valgte å gi ut en sangbok i forkant av denne utgivelsen. Fortell om det og det kollektive aspektet med musikk.
Musikk er ei samlande kraft. Songboka er ein måte å invitere dei som ønskjer det litt tettare inn på desse låtene – om det er via tekstane, illustrasjonene eller at ein får lyst til å synge eller spele sjølv. Me gav ut songboka ut før plata, slik at dei som verkeleg er interessert kunne prøve seg fram utan å bli forstyrra av vår versjon av låten.
Eg gler meg meir til å høyre coverversjonene som forhåpentligvis kjem enn til å lese platemeldingar. Det er jo det som betyr noko, at folk får lyst til å gjere noko sjølv når dei høyrer musikken.
Det er ikke bare sangtekster og noter. Vi får 28 sider med tekster, historier fra bandet, noter og låt-for-låt illustrasjon av den britiske kultartisten Robyn Hitchcock. Hvilket forhold har du til Soft Boys, Robyn Hitchcock og illustrasjonene han har laget?
Robyn har bidratt med både produksjon, gitar og vokal i I Was a King-samanheng. Eg har også turnert litt saman med han på hans solomateriale. Denne gongen har me bytta tenester, eg har spelt inn vokal og keys til den kommande plata hans og han har laga ein illustrasjon for kvar låt på «Flora».
Robyn er ein fantastisk låtskrivar og eit eventyrleg menneske. Eg anbefaler alle å sjekke ut den omfangsrike diskografien hans!
Fortell om hverandres musikalske styrke og rolle i Frøkedal & Familien.
Olav Christer «Laffen» Rossebø – fele, oktavfele, mandola, cümbüş
Ekspert på tradisjonsmusikk, ikkje-temperert tonalitet , felemusikk og eksotiske klimpreintrument. Har alltid instrument med på fest. Den lykkelegaste musikaren me kjenner.
Favorittlåt på «Flora»: «SØN»
Meir av Laffen: Lady Hardanger, Bergen Mandolinband
Ingeleiv Berstad – fele, oktavfele, baglamas, güiro, vokal
Sjølvaste Lady Hardanger briljerer på fele og baglamas – og sjølv potensielt plagsomme perkusjonsinstrument er i trygge, kompetente hender hos henne. Kan skrike som ein ekte cajun-vokalist, ler ofte og høgt.
Favorittlåt på «Flora»: «Shot-Put»
Meir av Ingeleiv: Lady Hardanger
Erlend Ringseth – Roland RS-09, prophet, pianet, pumpeorgel
Klok fortolker av harmonikken i låtane, som låtskrivaren ofte ikkje har ord for. Ekspert på samklang mellom synthlydar og akustiske instrumenter. Erlend har designa alle våre album- og singlecovers og har i tillegg tilbrakt mange timar med å perfeksjonere både layout og besifring i Flora Songbok!
Favorittlåt på «Flora»: «Dark Woods»
Meir av Erlend: Harrys Gym
Elisabeth Mørland Nesset – trommer, perkusjon, vokal
Ein sjeldan juvel av ein lyttende og dynamisk trommis. Imponerer alle med å synge vakkert samtidig. Logistikkhovud, bilpakkingsentusiast og bandets favorittsjåfør.
Favorittlåt på «Flora»: «Takedown»
Meir av Elisabeth: Phone Joan, Carina Frantzen
Olaf Olsen – trommer, perkusjon, vokal
Olaf er eigentleg ein jazztromis i hjartet, og spelet hans er lett og nydeleg og fullt av overraskingar. Har vore låten «Flora» sin øverste beskyttar heilt sidan den første stotrande gjennomspeliga med flau vokalist.
Favoritlåt på «Flora»: «Flora»
Meir av Olaf: Fra Det Onde, Needlepoint
Hva kjennetegner Anne Lise som vokalist, musiker, låtskriver og bandleder og hva var det som gjorde at du ville bli med på dette?
Olav Christer: Anne Lise er på mange måter en fullkommen musiker. I tillegg til å være en fantastisk låtskriver med eget band så er hun er svært dyktig og fleksibel utøver som kan bidra i mange andre ulike band og musikalske sjangre. Hun har stor kunnskap om alt som må til for å produsere et album fra start til slutt.
Som bandleder er hun kjærlig, ryddig og god til å se alle som er med og bidrar.
Erlend: Anne Lise har en vanvittig stemmekontroll og meloditeft. Dette går igjen i måten hun skriver låter på, låtene bygges rundt en struktur som følger melodien først og fremst. Dette har veltet mang en vikar, men trass en original måte å bygge låter på, høres det veldig naturlig og catchy ut. For meg skriver Anne Lise en perfekt blanding av nydelig popmusikk og utfordrende instrumentalmusikk.
Vi har spilt sammen i over 20 år i forskjellige konstellasjoner, og jeg stortrives med å jobbe sammen. Frøkedal & Familien ble startet etter en tid der jeg hadde jobbet mye med mer digital musikk, så ideen med å gå tilbake til basic og jobbe med akustiske instrumenter, var helt perfekt timet. Som bandleder har hun den sjeldne kombinasjonen av å ha veldig sterke meninger, men samtidig være åpen for innspill.
«Flora» er produsert av Anne Lise Frøkedal med Bård Ingebrigtsen som co-produsent. Hvorfor det valget og hvordan var samarbeidet dere i mellom?
Eg tenker på Bård som ein teknisk høgkompetent tvillingbror . Han tenker som ein musikar, er emosjonelt investert i det som skjer og skrur heilt fantastisk bra lyd. Det var utruleg viktig for energien at det var akkurat han som sat bak spakene.
Plata ble spilt inn og mikset i Amper Tone. Fortell om det lokalet, atmosfæren der og hvordan det har påvirket plata?
Amper Tone har to viktige ting for denne plata: masse dagslys og nok rom med separasjon til at me kunne spele inn live med blikkontakt.
Fortell om den fine forsideillustrasjonen som Serio har laget og forholdet mellom omslagskunsten og musikken.
Andrea Serio er ein italiensk illustratør. Eg kom over ein nydeleg teikning han hadde laga og spurde om me kunne bruke den til cover. Dette var på lille julaften og det hasta. Andrea svarte med ein gong, han elska musikken og ville bidra, men med ei ny teikning. Han byrja å teikne på julafta og var ferdig rundt nyttårsaften. Samtalene våre rundt albumet er eitt av dei finaste minnene eg har frå denne prosessen. Det føles som om han har bidratt med ein eigen låt med denne teikninga.
Her er noen stikkord som jeg vil at du/dere skal si noe om forholdet til og hva de kan fortelle om Frøkedal & Familien og/eller «Flora».
Indie – spiste seg for feit ein gong på seint 2000-tal.
Folkemusikk – meir vågal enn den råaste rock.
Folk – aller helst på seint 60-tal og tidleg 70-tal.
Blues – me trudde ikkje me hadde det i oss.
John Cale – så nær ein heim som musikk kan vere.
Skeiv tonalitet – dette har fått folk me kjenner til å slost. La oss berre seie at det finst ei vakker verd av tonar mellom dei tolv tonane du har blitt fortalt at finst.
Musikalsk åpenhet – jobber alltid med saken.
Spiritualitet – noko ein er fødd med og som ein må jobbe for å behalde.
«Hold On Dreamer» ble nominert til Spellemannprisen for beste indie album. Hva betyr sånne ting for deg som musiker og komponist?
Det er mykje tilfeldig ved slike prisar. Men det bidrar til å rette fokus mot musikk som er skapt her til lands, og det er eg takksam for.
Kan du si litt om forholdet til plateselskapene dine/deres?
Me samarbeider med Fysisk Format, som har gode, engasjerte folk med eit estetisk kompass me kan relaterte oss til. Min gamle kollektivkompis Kristian Kallevik er sjef for heile greia, så det var litt som å komme heim.
Kan Anne Lise til slutt velge fem låter som har påvirket henne som sanger, fem som musiker og fem som komponist?
Her er det første eg kom på. Når det gjelder vokal så blir det fort mykje gammalt og klassisk, fordi eg tydelegvis har slutta å ta til meg input, hehe.
1-5 = slik eg har trudd eg høyres ut som songar til ulike tider. Delvis ønsketenking, åpenbart. I starten blei eg like skuffa kvar gong nokon ikkje samanlikna meg med Robert Smith. Television bygger bru mellom vokal-. og gitarinspirasjon. Elsker Tom Verlaines vokal – har forresten alltid tenkt at Kjetil Nernes i Årabrot har mange av dei samme kvalitetene.
6-10 (musikar)
Cate Le Bon speler særeigen, snodig og brillefin gitar. Min største helt nett nå. Høyrer også heime i neste kategori.
The Balfa Brothers og cajunmusikk snakkar rett til hjartet og minner om kva som er viktig med musikk – og at det har lite med fiksfakseri å gjere. Det holder lenge å hamre laus på eit triangel!
Sagor & Swing er nok mykje av opphavet til mitt tidvis voldsomme orgelfokus.
Blonde Redhead sin snirklete barokkpop og Amedeo Paces gitarstil var det som i si tid fekk meg til å tenke at elgitar ikkje treng låte som ein klisjé.
«Box of Rain» er verdas finaste låt, tekst og framføring, ferdig snakka. Det er så mange som har prøvd å høyres ut som dette (Ryan Adams, for eksempel), men alt låter blodfattig ved sida av Grateful Dead.
11-16 (låtskrivar)
Utvalet spenner frå psykedelisk hippiefolk til Brian Enos instrumentalmusikk (med klassisk Robert Fripp-gitar med endelaus sustain). Judee Sill høyrer heime i alle kategoriane, for eit låtskrivargeni! Denne songen skreiv ho visstnok for luseløn medan ho var blakk, budde i bilen og var signert på publishingselskapet til The Turtles (som spelte inn låten først ). The Mountain Goats kan gi einkvar tekstforfattar eit inspirerande spark i ræva. Til slutt: Eg kan ikkje forklare kvifor, men for meg fungerer John Cale sin musikk som ein slags heim der eg berre kan puste ut og høyre til.
Frøkedal & Familien – «Flora» (Album, 2021)
Frøkedal – «How We Made It» (Album, 2018)
Frøkedal – «Hold On Dreamer» (Album, 2016)
Sjekk også:
Frøkedal & Familien – Set Your Spirit Free (Ferske spor uke 18/2021)
Frøkedal & Familien – Søn (Ferske spor uke 8/2021)
Frøkedal – David (Ferske spor uke 35/2018)
Frøkedal – Treehouse (Ferske spor – uke 23/2018)
Frøkedal – Believe (Ferske spor uke 7/2018)
Frøkedal – How We Made It (4. plass Deichman sin årets norske album liste 2018 ved Stian Bjørnsson Hope)
Anne Lise Frøkedal: Vokal, produsent BMs album «Koss havna med her?» (Bergen Mandolinband: Sprudlende vestlandsk cajunmusikk)
Anne Lise Frøkedal er med live i Misty Coast
Da musikken stilnet (Inkludert bilde av Anne Lise Frøkedal live)
Plateanmeldelse: Electric Eye – «From The Poisonous Tree» (Frøkdal bidar)
Tønes – Sesong fire ( Anne Lise Frøkedal er gjestevokalist)
Plateanmeldelse: Sweden – «Oh, Dusty» (Anne Lise Frøkedal bidrar)
Plateanmeldelse: The Loch Ness Mouse – «The Loch Ness Mouse» (Anne Lise Frøkedal bidrar)
Motorpsycho – Supersonic Scientists (Anne Lise Frøkedal forteller om hvordan hun med visegruppa Trio Søt fremførte Motorpsycho på norsk)
10 produsenter + 10 sanger = 1 Plate (En av dem er Anne Lise Frøkedal)
Sjekk relaterte saker under, husk forresten å klikke på «Last inn mer» for å sjekke flere.
Her kan du søke etter og låne musikk, bøker, tegneserier og noter i Deichmans katalog